Publica Bok AS

Utsyn

Å drive er for oss å la seg føre gjennom landskapet. Lik ei vesal furunål som vert leia med straumen nedetter eit bekkefar, kan óg eit menneske bli losa gjennom naturen. Det handlar om å vere vaken, og ta til seg dei inntrykka som kjem.

Nokon gonger kjem ein kanskje inn i ei bakevje, men sjølv der vatnet står stille kan ein få ei oppleving berre ein opnar sinn og sansar. Diktsamlinga "Utsyn" er ei oppmoding til lesarane om å stoppe opp litt i ein travel kvardag, gå ut i naturen, og la seg fascinere.

Terje Heggland vart født på Stord i 1983. Han vart tidleg fengsla av livet i naturen, og mykje av inspirasjonen er henta frå vandringar i skog og fjell.  Terje har studert Samanliknande  Politikk ved Universitetet i Bergen. Han mottok bachelorgraden sin i 2008.

Anne Jordal Myrset er 1985-modell, og kjem frå Eidsøra i Nesset. I grensestroka mellom Nordmøre og Romsdal, mellom fjell og fjordarmar, har ho henta livsinntrykk og bygd sitt erfaringsrom. Ho er utdanna ålmennlærar, og skriv mastergrad i samfunnsfagdidaktikk ved NTNU i Trondheim, der ho óg bur.

Tittel: Utsyn
Forfatter:?Terje Heggland og Anne Jordal Myrset
ISBN:?9788292789896
Format:?13x20 cm
Heftet
Kr 149

Hovedside
Informasjon om virksomheten
Nettstedskart
Nettbutikk
Nyheter
Bli forfatter
Hvordan skrive en god bok?
Tips ved innsending av manus
Språkvask av manus
Om Publica Bok AS
Slik kommer du i kontakt med oss
Publica Bok AS
Gamleveien 87 4315 SANDNES
ordre@publicabok.no
T: 51961240
F: 51961251